STILLING LEDIG:

Avisa Nordhordland søkjer ansvarleg redaktør og dagleg leiar

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Knarvik

Tiltredelse: Etter avtale

Søknadsfrist: Snarest

Om arbeidsgiver:

Avisa Nordhordland er ei nynorskavis som vart etablert i 1974. Avisa har sju faste tilsette, men jobbar også tett saman med Amedia sine to lokale medierådgivarar. Redaksjonen og medierådgivarane held til i nye og trivelege lokale sentralt plassert i Knarvik senter. Vårt primære dekningsområde er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen og Modalen. Nettavisa nordhordland.no blir oppdatert kontinuerleg, medan papiravisa kjem ut onsdag og laurdag. Avisa Nordhordland er ein del av Amedia-konsernet.

Nordhordland er ei lokalavis som opplever positiv utvikling og sterk vekst i talet på digitale abonnentar. No søkjer me etter ein ny leiar for ei avis som har store ambisjonar om å spela ei konstruktiv og slagkraftig rolle i regionen. Me leverer nyheiter og anna lokalt innhald til heile Nordhordland og Gulen, døgnet rundt, sju dagar i veka. Kan dette vera noko for deg?

I Nordhordland arbeidar me kvar dag med å laga verdas viktigaste lokalavis for Nordhordland og Gulen. Avisa har ein kompetent og talentfull redaksjon, som har vist stor utvikling, og som kvar dag arbeidar for å laga ei nær, viktig og fengande lokalavis. Vårt mål er å vera med på å gjera det betre å bu, arbeida og leva i Nordhordland og Gulen.

No er me på jakt etter ein person som brenn for å ta dette spennande prosjektet vidare. Avisa treng ein tydeleg redaktør som vert motivert av store ambisjonar om vekst og digital utvikling, men som òg ønskjer å laga ei avis som dagleg set spor etter seg i lokalmiljøet. Om du er ein god motivator som er flink til å skapa entusiasme og som ønskjer å byggja vidare på det gode arbeidsmiljøet og samhaldet i avisa, kan dette vera noko for deg.

For å lukkast i denne rolla må du vera ein god sparringspartner for dei tilsette i avisa. Du vert motivert av å sjå andre lukkast. Du må stå støtt i redaksjonelle avgjerder og har solid innhalds- og publiseringskompetanse. Du veit korleis ein når ut til publikum med innhaldet. Du ønskjer å vera ein synleg redaktør i dekningsområdet, og å forstå kva som er viktig for folk og verksemder i heile distriktet. Det er ikkje sikkert at du treng lang leiarerfaring for å lukkast i denne rolla. Me søkjer heller ikkje ein leiar som har alle svara, men som evnar å finna gode svar gjennom læring, tilgang på innsikt og samhandling med regionen og folka rundt seg.

Forventingane Nordhordland har til deg:

Du er førebudd på varierte leiaroppgåver. Du har redaksjonell erfaring og vert trigga av å jobba mot klare mål basert på data og analyse. Du har god samfunnsforståing og solid presseetisk innsikt, og ønskjer å ta det heile og fulle ansvaret for det publisistiske produktet. På same tid må du vera førebudd på at dette er ei operativ leiarrolle, der du bidreg i produksjonen sjølv. Det er ein føresetnad at du skriv godt nynorsk og har førarkort for bil.

Vårt løfte til deg:

I Nordhordland får du ein interessant og spennande kvardag. Me er opptekne av å skapa ein arbeidsplass der alle trivst. I Nordhordland skal det vera gøy å gå på jobb, både fagleg og sosialt.

Me lovar deg ei rolle i ei lokalavis som betyr noko for folk i Nordhordland og Gulen. Me har eksistert sidan 1974, og er i rivande utvikling. Kvar dag serverer me journalistikken og innhaldet som folk i regionen snakkar om og er opptekne av. Me har store ambisjonar for avisa i åra som kjem. Me har mediekonsernet Amedia i ryggen, dermed kan du støtta deg på det beste utviklings- og analysemiljøet i mediebransjen.

Kontaktinformasjon

Ønskjer du å vita meir? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar:

SØK HER

Powered by Labrador CMS