STILLING LEDIG:

Havforskinga søkjer ein dyktig innhaldsprodusent

Vil du jobba på ein av Europa sine største forskningsinstitusjonar innan marine miljø?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 23. februar

Om arbeidsgiver

Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv sju forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Er du interessert i alt det spennande som skjer under havskorpa – og nysgjerrig på marin forsking og kva den betyr for havnasjonen Noreg? Er du også ein heildigital historieforteljar, som kan skrive, knipse og redigere? Då bør du halde fram med å lese.

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar, og er på utkikk etter ein nyheitsjeger som kan leite opp og løfte fram dei blanke forskingsnyheitene og raskt redigere engasjerande videoar til sosiale medium. Vi treng deg som kan bidra i den daglege drifta i ei travel kommunikasjonsavdeling, hive seg med forskarane ut i felt og levere innhald til alle plattformene våre.

Som tilsett hos oss må du ha god rolleforståing, arbeide raskt og halda eit høgt presisjonsnivå på det du leverer – uansett kanal. Andre viktige eigenskapar er evna til å halde hovudet kaldt i hektiske periodar, og at du raskt snur deg rundt når det trengs. Vi forventar at du kan jobbe sjølvstendig, men at du også er ein god lagspelar.

Om avdelinga

Du blir ein del av ein hardtarbeidande, kreativ kommunikasjonsavdeling med 15 tilsette. Hovudkontoret er i Bergen, med kollegaer i Tromsø og Arendal.

Vi jobbar systematisk med å setje Havforskingsinstituttet si forsking og råd på nasjonal dagsorden. Arbeidsdagane våre er varierte, meiningsfulle og utfordrande.

Vi ser etter deg som

  • har akademisk utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fag tilsvarande bachelornivå. Lengre realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • har journalistisk eller kommunikasjonsfagleg erfaring og/eller utdanning
  • kan jobbe fram saker frå idé til ferdig innhald
  • kan levere foto, film og tekst til alle våre digitale plattformar
  • syns havforsking, klima og berekraft, fiskeri og havbruk er spennande, og ønskjer å jobbe for HI sitt samfunnsoppdrag om reine, rike hav

Legg gjerne ved arbeidsprøvar på innhaldsproduksjon i søknaden din.

Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, som ynskjer å legge forholda til rette for søkjararmed redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.

Vi tilbyr

Ei interessant og utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø. Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og velferdsordningar. Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ som 1434 rådgjevar.

Ytterlegare informasjon

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Besøk gjerne våre nettsider på www.hi.no.

Søknad må sendast elektronisk via Jobbnorge. For å bli vurdert må CV, relevante attestar og vitnemål, leggjast ved i søknaden.

Kontaktinformasjon

Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga kan du kontakte:

SØK HER

Powered by Labrador CMS