STILLING LEDIG:

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) søker kommunikasjonsdirektør
-med solid samfunnsforståing
Som kommunikasjonsdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet leier og koordinerer du kommunikasjonsarbeidet innan eitt av dei mest sentrale politikkområda. Helse angår alle, engasjementet er stort og debattane mange.
Vi søker ein samfunnsengasjert og tillitvekkande leiar med god rolleforståing og innsikt i offentleg forvaltning og politiske prosessar. Aktuelle kandidatar har erfaring med strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, gjerne frå ein større organisasjon, og har eit godt blikk for utviklinga i mediebildet. Det er viktig å kunne bygge gode lag og kontaktnett, og å skape tillit internt og eksternt.
Arbeidsoppgåver
Som leiar av kommunikasjonseininga i departementet får du mange spennande og utfordrande oppgåver innan strategisk og operativ kommunikasjon.
Kommunikasjonsdirektøren skal gi kommunikasjonsfaglege råd til politisk leiing, departementsråd, fagavdelingane i departementet og helsesektoren elles. Du må evne å tenke heilskapleg og langsiktig om korleis departementet framstår.
Du har også ansvar for innhald og utvikling av departementet sine nettsider på regjeringa.no og departementet sitt stadig meir omfattande arbeid med sosiale medium.
Kommunikasjonsdirektøren er ein del av toppleiinga i departementet og rapporterer til departementsråden. Du vil leie ti erfarne og dyktige medarbeidarar i kommunikasjonseininga.
Vi søker ein leiar som
er tydeleg og trygg i leiarrolla
er god til å leie og motivere medarbeidarane, også under press
har solid gjennomføringsevne
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har god rolleforståing og høg personleg integritet
er resultat- og utviklingsorientert
har stor arbeidskapasitet og trivst med ein hektisk arbeidskvardag der det ofte er svært korte fristar
held roa i krevjande situasjonar
Ved val av ny kommunikasjonsdirektør vil det bli lagt vekt på
høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande
relevant leiarerfaring, gjerne frå ei kommunikasjonseining i større organisasjon
brei kommunikasjonsfagleg erfaring, inkludert strategisk og operativ kommunikasjon og krisekommunikasjon
politisk teft - god forståing for samspelet mellom politikk, fag og forvaltning
brei kontaktflate i norske medium
innsikt i korleis tradisjonelle og nye medium påverkar kommunikasjonsarbeidet
svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
gode engelskkunnskapar
helsepolitisk innsikt og grunnleggande kunnskap om helse- og omsorgssektoren er ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Den som blir tilsett, må kunne bli sikkerheitsklarert for strengt hemmeleg.
Vi tilbyr
lønn etter avtale
spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
eit fagleg kompetent arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
fem veker ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon:
Ta gjerne fortruleg og uforpliktande kontakt med Beate Ottem Svanes eller Bendik Nicolai Blindheim i ISCO Group, tlf. 220 68 700.
For meir informasjon kan du kontakte:
- Cathrine M. Lofthus, departementsråd, tlf: 222 48 407
- Ole T. Andersen, ekspedisjonssjef, tlf: 222 48 366
SØK HER
Etter at søknadsfristen er ute, blir det utarbeida ei offentleg søkarliste. Vi gjer merksam på at dersom du har eit ønske om unntak frå offentleggjering må du grunngi dette og legge ved søknaden. Søkarar som har bedt om konfidensiell behandling, kan likevel bli ført opp på søkarlista. I så fall blir søkaren varsla før offentleggjering.