STILLING LEDIG:

Businesswoman holding pen, close-up, portrait

UiO søker prosjekt­leiar «Humaniorafestivalen 2024»

Ver med på å ta Noreg sin ferskaste festival om humanistisk forsking til nye høgder!

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Engasjement

Arbeidsstad: Oslo

Søknadsfrist: 12. april

Om arbeidsgjevar

Universitetet i Oslo logo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Demokrati, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo er på jakt etter ein strukturert og fagleg sterk prosjektleiar som kan planlegge og gjennomføre «Humaniorafestivalen 2024».

Denne stillinga er perfekt for deg om du:

  • har solid erfaring med å planlegge og gjennomføre større arrangement
  • veit kva som røyrer seg på kultur- og debattarenaene rundt i Oslo
  • er god på promotering, og veit kva som sikrar/trekker eit stort publikum
  • er positiv, løysingsorientert og flink til å samarbeide på tvers av mange nivå i ein stor organisasjon

Humaniorafestivalen såg dagens lys i 2022 med temaet demokrati som ein rød tråd. I samarbeid med Deichman gjennomførte vi det største formidlingsinitiativet ved fakultetet nokosinne - med 19 publikumsarrangement frå ulike scenar, byvandring og eige undervisningsopplegg på dagtid for vidaregåande skular. Med arrangement på alle Deichman-bibliotek i heile Oslo nådde vi over 3000 personar.

Frå mars til neste år skal vi gjenta suksessen med «Humaniorafestivalen 2024».

Du vil vere ein del av kommunikasjonsseksjonen på HF, og vil samarbeide med eit team med svært dyktige kommunikasjonsrådgivarar som kjenner fakultetet godt. Du rapporterer til kommunikasjonssjefen ved fakultetet.

Den som blir tilsett går inn i eit vikariat som varer til og med april 2024. Ønska oppstart er august 2023.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna planlegging og koordinering av «Humaniorafestivalen 2024»
  • Vere HF sin hovudkontakt i samarbeidet med Deichman
  • Utvikle og produsere innhald og program til arrangement og konsept i samarbeid med fagmiljøa
  • Lage kommunikasjonsplanar og iverksette målretta promoteringstiltak for å nå ønska målgrupper
  • Følge opp og bidra til den praktiske gjennomføringa av festivalen
  • Andre oppgåver ved behov

Samfunnsoppdraget til Det humanistiske fakultet (HF) er å bidra til kritisk tenking og ny kunnskap og innsikt. Eit viktig mål for HF er å ta i bruk nye kommunikasjonsformer- og arenaer for å formidle humanistisk kunnskap (HF 2030 – Kunnskap for det 21. århundret - uio.no). Som prosjektleiar for «Humaniorafestivalen 2024» trur vi at du raskt klarer å sette deg inn i den faglege bredden ved institutta våre, og at du finn gode løysningar for korleis våre fagmiljø kan nå ut til ei breiare offentlegheit.

Kvalifikasjonskrav

  • relevant kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Relevant kompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • solid erfaring med å leie prosjekt, planlegge og gjennomføre større arrangement
  • kan vise til gode resultater frå arbeid med å nå relevant publikum
  • gode kommunikasjonsevner og språklege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • vi legg stor vekt på at du er motivert og personlig skikka for stillinga

Det kan være en fordel om du:

  • veit korleis du vekker engasjement hos yngre målgrupper
  • har kjennskap til humaniorafeltet og universitets- og høgskulesektoren
  • har erfaring med måling og analyse av kommunikasjonstiltak
  • er ein sterk digital og strategisk formidlar

Vi tilbyr

  • stillingskode seniorrådgivar SKO 1364 - lønn kr 604 400 – 714 000 pr. år, avhengig av erfaring og kompetanse
  • fleksibel arbeidstid, eit hyggeleg arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendes via rekrutteringssystemet vårt, jobbnorge.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga.

Kontaktinformasjon:

SØK HER

Powered by Labrador CMS