STILLING LEDIG:

Helse- og omsorgsdepartementet søker strategisk kommunikasjonsrådgjevar
Er du interessert i helsepolitikk? Er du analytisk og kan gje gode strategiske råd? Har du lang røynsle frå journalistikk eller kommunikasjonsarbeid og med skriftleg formidling? Då kan dette vere jobben for deg.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Kommunikasjonseininga
Kommunikasjonseininga har ansvaret for kommunikasjonsstrategi, informasjonstiltak og all mediehandtering i departementet. Eininga gjev råd til politisk leiing i kommunikasjonsspørsmål og arbeider tett med politisk leiing og fagavdelingane i departementet. Kommunikasjonseininga har tolv tilsette. Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar.
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?
Som strategisk kommunikasjonsrådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk kjem alle ved og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søkjer derfor etter ein samfunnsengasjert medarbeidar med god rolleforståing og god kjennskap til aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.
Er du interessert i helsepolitikk? Er du analytisk og kan gje gode strategiske råd? Har du lang røynsle frå journalistikk eller kommunikasjonsarbeid og med skriftleg formidling? Då kan dette vere jobben for deg. Helse- og omsorgstenesta er eit stort felt der problemstillingane er krevjande, ordskifta mange og merksemda stor.
Arbeidsoppgåver
- Taleskriving er ei sentral oppgåve, attåt å skrive og vøle andre tekster, så som kronikkar, talepunkt, innlegg og bodskapsplattformer.
- Du må like å lage både korte og råkande bodskapar til SoMe, og lengre, retoriske talar og overordna bodskapsplattformer.
- Ei anna sentral oppgåve er å sparre om korte og lange bodskapar med politisk leiing, kollegaer i fagavdelingane og kommunikasjonseininga.
- Ei mogeleg oppgåve er dessutan å vere pressekontakt – og inngå i pressevaktordninga i departementet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar:
Du
- har høgare utdanning på minst bachelornivå. Denne bør helst vere innan medie- og/eller kommunikasjonsfag.
- har ein særs god penn, og greier å gjere det uforståelege forståeleg.
- er analytisk og kan tenkje strategisk.
- forstår samspelet mellom politikk, embetsverk og media særs godt.
- bør som hovudregel ha minst 6 år arbeidserfaring som journalist og/eller kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt.
- bør ha røynsle frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar. Dette legg vi stor vekt på.
Den som blir tilsett, må kunne tryggingsklarerast.
Personlege egenskapar
Vi søkjer deg som
- kan gje kloke råd og utforme bodskapar som råkar når det hastar.
- evnar å tenkje heilskapleg, langsiktig og strategisk.
- tør å stille spørsmål andre kvir seg for å stille.
- arbeider godt under press og beheld roa.
- har interesse for fagområda i departementet.
- er fleksibel, er initiativrik og omgjengeleg.
- har gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Fast stilling
- Stillingbrøk: 100%
- Ein spennande jobb tett på fagavdelingane i departementet og politisk leiing
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Lyse kontorlandskap midt i sentrum (regjeringskvartalet)
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
Kr 650 000 – 850 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Kontaktinformasjon
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:
- Kommunikasjonsdirektør Mona S. Higraff, mobil 920 57 650, e-post: Mona-Saverud.Higraff@hod.dep.no