Helse- og omsorgsdepartementet søker kommunikasjonsrådgivar med SoMe-ansvar
Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar med god digital kompetanse til eit årsvikariat med tiltreding i januar 2022.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Vikariat/mellombels
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 14. oktober
Om arbeidsgivar
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har 220 tilsette. Les meir om oss på regjeringa.no.
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?
Vi søker ein samfunnsengasjert kommunikasjonsrådgivar med god digital kompetanse til eit årsvikariat med tiltreding i januar 2022.
Som kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spanande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker derfor etter ein samfunnsengasjert medarbeidar med god rolleforståing og god forståing av aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.
Kommunikasjonseininga
Kommunikasjonseininga har ansvaret for departementet sin kommunikasjonsstrategi, informasjonstiltak og all mediehandtering. Eininga gir råd til politisk leiing i kommunikasjonsspørsmål og arbeider tett med politisk leiing og fagavdelingane i departementet. Kommunikasjonseininga har ti tilsette.
Arbeidsoppgåver
Produsere, redigere og publisere digitalt innhald som video og stillbilete, nyheitsgrafikk og nyheitssaker
Ha ansvar for departementet sine sosiale medier-kontoer
Delta aktivt i ideutvikling og fullføre videoer frå ide, produksjon og redigering
Planlegge og koordinere den digitale dekninga av departementet sitt arbeid og politiske satsingsområde
Handtere førespurnader frå pressa
Inngå i pressevaktordninga (vert kompensert med eige tillegg)
Planlegge og følgje politisk leiing på reiser
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar:
Kompetanse innan digital kommunikasjon. Beherske Adobe Creative Cloud og andre digitale program.
Relevant arbeidserfaring, gjerne som videojournalist.
Relevant høgare utdanning innan media og kommunikasjon på fortrinnsvis masternivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande formell utdanning.
Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på.
For stilling som rådgivar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgivar normalt minst 6 år relevant erfaring.
Personlege egenskapar:
Idérik og initiativrik
Arbeider godt under press
Du må ha stor interesse for sosiale media og målgruppeforståing
Interesse for departementet sine fagområde
Fleksibel og arbeidsvillig
God vurderingsevne og van til å handle raskt når det er nødvendig
Omgjengeleg med gode samarbeidsevner
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Vi tilbyr
Ein spanande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
Stort rom for sjølvstendig og kreativt arbeid
Eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Den som blir tilsett, må kunne verte sikkerhetsklarert.
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
Lønnsspenn rådgivar/seniorrådgivar: 520.000-750.000 kr. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Kontaktinformasjon:
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med: