STILLING LEDIG:
Høgskulen i Volda søker kommunikasjons-og marknadssjef
Om stillinga
Kommunikasjonssjefen rapporterer til høgskuledirektør, og er med i den administrative leiargruppa. Du får ansvar for eit kontor med fem medarbeidarar som byr på brei og variert fagkunnskap og eit godt arbeidsmiljø.
Som kommunikasjonssjef har du ansvar for kjerneoppgåver som rekruttering, marknadsføring, mediehandtering, å bygge kjennskap og omdøme, intern og ekstern kommunikasjon. Du vil vere redaktør for høgskulen sine nettsider og andre kanalar. Vidare vil du ha ansvar for strategisk rådgjeving og støtte til høgskuleleiinga i kommunikasjonsfaglege spørsmål, i alt frå språkpolitikk til krisekommunikasjon.
Vi samarbeider med dyktige mediebyrå og filmskaparar.
Kvalifikasjonar
Du har relevant utdanning på masternivå og brei kommunikasjonsfagleg erfaring, strategisk og operativt. I særlege tilfelle kan svært relevant og lang erfaring kompensere for kravet til utdanning på masternivå. Du har leiarerfaring innan kommunikasjon, marknadsføring eller liknande, og er fagleg oppdatert. Det er ein fordel om du har kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, og har erfaring frå prosess- og prosjektleiing.
Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner, og evne til å motivere og inspirere medarbeidarar. Du er løysingsorientert og konstruktiv, diplomatisk og effektiv. Du må trivst med å ha mange ballar i lufta, og ha evne til å prioritere og jobbe strategisk.
Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
- Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ etter lønsplan 90.100, stillingskode 1057 Informasjonssjef kr. 775 000 – 835 00. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte:
- Ann Kristin Emblem, høgskuledirektør, tlf.: +47 994 93 663 / e-post: ann-kristin.emblem@hivolda.no
- Tor Mikalsen, tlf: +47 909 44 537 / e-post: tor.mikalsen@hivolda.no