STILLING LEDIG:

Universitetet i Bergen søkjer kommunikasjonsdirektør
Kommunikasjonsdirektør
Universitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt forskingsuniversitet med lange vitskaplege tradisjonar og med nasjonalt ansvar for å forvalte og utvikle ei stor breidd av fagdisiplinar. UiB har nyleg vedteke strategi 2023-2030 med ambisjon om å vere mellom Europas fremste universitet, internasjonalt kjend for høg kvalitet i forsking og utdanning. Kommunikasjonsavdelinga har overordna ansvar for å leggje til rette for intern og ekstern informasjon ved universitetet. Avdelinga har kompetanse innan strategisk kommunikasjon, rådgjeving, journalistikk, mediehandtering, TV-produksjon, web, sosiale medier, foto, design og samfunnskontakt. Kommunikasjonsavdelinga har nyleg blitt samlokalisert med universitetets fellesadministrasjon i nye og moderne lokale i Nygårdsgaten 5.
Kommunikasjonsdirektør Universitetet i Bergen søkjer etter ein kommunikasjonsdirektør som aktivt skal medverke til å synleggjere UiB som et internasjonalt forskingsuniversitet.
Kommunikasjonsdirektøren får ansvar for å leie og utvikle UiBs interne og eksterne kommunikasjon og inngår i universitetsdirektøren si leiargruppe.
Vi søkjer etter ein visjonær og strategisk direktør til å leie Kommunikasjonsavdelinga.
Arbeidsoppgåver:
- Overordna ansvar for UiB sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid
- Leie Kommunikasjonsavdelinga og leggje til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane
- Redaktøransvar for universitetet sine eigne kanalar
- Støtte universitetsleiinga, fakulteta og avdelingane i kommunikasjonsfaglege spørsmål
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad eller tilsvarande
- Brei samfunnsinnsikt og kunnskap om offentleg sektor
- Sterk motivasjon til å vidareutvikle UiB si Kommunikasjonsavdeling med utgangspunkt i institusjonen sin eigenart
- Motiverande leiarstil med vekt på samarbeid og dialog
- Solid erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøy
- Dokumenterte resultat og erfaring innan strategisk kommunikasjon
- Erfaring med målstyring, og budsjett- og resultatansvar
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn etter nærare avtale i stilling som avdelingsdirektør (kode 1060)
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktinformasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Tore Tungodden, tlf. 975 57 140
- Sonja Dyrkorn, HR-direktør, tlf 481 62 687