Universitetet i Bergen søker kommunikasjonsrådgjevar, internkommunikasjon
Vil du vere med å forme framtida? Nå søker vi ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar i fast 100 % stilling!
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Bergen
Søknadsfrist: 10. oktober
Om arbeidsgiver
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kommunikasjonsrådgjevar
Kommunikasjonsavdelinga søker ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar i fast 100 % stilling. Den vi søker har god teft, strategisk og digital forståing.
Vedkomande er interessert i, og forstår verdien av god kommunikasjon. Med nær 20 000 studentar og 4 200 tilsette er UiB ein stor og kompleks organisasjon der internkommunikasjonen har ei viktig rolle i å både bidra til å nå ut med nyheiter og informasjon, men og i å skape felles kultur og engasjement ved UiB.
Vi ser etter ein kreativ og allsidig medarbeidar til vår avdeling. Stillinga er ei fast 100 % stilling som rådgjevar tilknytt den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.
Stillinga vil være tett knytt til øvrig kommunikasjonsarbeid for å sikre heilskapleg, koordinert og god kommunikasjon.
Arbeidsoppgåver:
Internkommunikasjonen sine hovudoppgåver er å sikre ein informert organisasjon, vere eit verkemiddel for endrings- og leiingskommunikasjon, og legge til rette for bygge ein positiv organisasjonskultur.
Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av kommunikasjonsformer og krev ein initiativrik person med variert kommunikasjonsfagleg kompetanse.
Digital forståing og interesse er ein føresetnad, og medarbeidaren evnar å produsere godt og engasjerande innhald både til eigne nettsider og ulike sosiale media. Medarbeidaren evnar å tenke strategisk og planmessig, men har også nyheitsteft og er oppdatert på samfunnsdebatten og evnar gripe moglegheiter og snu seg raskt rundt når det trengs.
Produsere, redigere og publisere nyheitssaker og digitalt innhald for eit internt publikum
Planlegge og koordinere innhald til interne og eksterne målgrupper
Jobbe med kommunikasjon i interne prosjekt
Utforming av bodskap og tekst
Kommunikasjonsfagleg rådgjeving og støtte
Bidra i beredskapsarbeid og krisekommunikasjon
Handtere andre oppgåver i avdelinga ved behov, mellom anna pressekontakt og produksjon av eksterne nyheitssaker
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på bachelornivå. Lang og relevant erfaring frå kommunikasjon/media kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning
Interesse for og erfaring med kommunikasjonsarbeid
God formidlingsevne og meistrar ulike kommunikasjonsformer både i form av tekst og video
Erfaring med sosiale media og god kompetanse i bruk av nettbaserte publiseringsplattformar
Trivs i ein til tider travel kvardag med høgt tempo
Er flink til å skrive og er trygg på både bokmål, nynorsk og engelsk
Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar, med evne til sjølvstendig arbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi kan tilby:
Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokale i Bergen sentrum
Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
Fleksibel arbeidstid
Stilling som rådgjevar (kode 1434), brutto årsløn 580 000 - 630 000. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.