STILLING LEDIG:

STAMI søker kommunikasjons­rådgjevar

Vil du bli vår nye kommunikasjonsrådgjevar?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 4. juni

Om arbeidsgjevar

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale kunnskapsorganet på arbeidsmiljø- og helseområdet. STAMI er ein underliggande etat av Arbeids- og sosialdepartementet. STAMI sin visjon er at norsk arbeidsliv skal vere i stand til å førebygge sjukdom og fremje god helse og skape verdiar gjennom å utvikle bærekraftige arbeidsmiljø. STAMI si verksemd omfattar forsking og utgreiing, undervisning, rådgjeving og kommunikasjon.

Vi tilbyr ein spennande og utviklande arbeidsplass med ca. 130 tilsette i eit tverrvitskapleg kunnskapsmiljø. STAMI-forskarar har på 2000-tallet publisert ca. 1.100 vitskapelege publikasjonar. STAMI ligger sentralt plassert i grøne omgjevnadar ved Majorstuen i Oslo.

Om stillinga og avdelinga

Statens arbeidsmiljøinstitutt søkjer ein engasjert medarbeidar til kommunikasjonsavdelinga med oppgåver innan sosiale medium, web og innhaldsproduksjon.

Å arbeide på STAMI er både utfordrande og morosamt. Her får du jobbe saman med mange av Noregs fremste fagfolk, og med forsking og fagområde som er svært relevante for norsk arbeidsliv. Du vil bidra til å formidle forsking frå ulike fag og fagområde, og til å gjere instituttet sin forskingsbaserte kunnskap tilgjengeleg.

På STAMI har vi dei siste åra styrka vår kunnskapsformidling og aktivitet på nyare flater. Du vil bidra til STAMI sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeid, og vil jobbe tett med både resten av kommunikasjonsavdelinga, leiinga og fagavdelingar. Du vil jobbe med drift, utvikling og vedlikehald av STAMI sine websider, vårt nyheitsbrev, intranett og ha ansvar for våre kanalar i sosiale medium.

Kven ser vi etter?

Vi søkjer deg som er initiativrik, pliktoppfyllande og som trivast saman med andre, men er svært sjølvstendig. Du har eit godt auge for kva oppgåver du skal ta tak i, gode kommunikasjonsevner og pågangsmot.

Arbeidsoppgåver

  • Innhaldsproduksjon til og drift av STAMI sine sosiale medium
  • Innhaldsproduksjon og drift av websider og intranett
  • Innhalds- og webanalyse og søkemotoroptimalisering
  • Produsere nyheitsbrev
  • Andre interne og eksterne kommunikasjonsoppgåver

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonskrav

  • Kommunikasjonsfagleg relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Svært god førestellingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk
  • Kompetanse og erfaring med bruk av sosiale medium i jobbsamanheng
  • Kompetanse /erfaring med bruk av publiseringsverktøy for web
  • Erfaring med å produsere og optimalisere innhald på web
  • Kompetanse/erfaring innan måling, analysering og rapportering frå digitale aktivitetar

Ønska kvalifikasjonar

  • Teft for, og idear til, utvikling og betring av digitale løysingar og system
  • God teknologisk forståing
  • Evne til å sette deg inn i forsking og komplekse problemstillingar
  • Sjølvgåande, initiativrik og ikkje redd for å spørje når du lurer
  • Gode koordinerings-, samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Erfaring med kommunikasjon mot tredjepartar (som web- og designbyråer)
  • Erfaring med bruk av produktar i Adobe
  • Creative Cloud (Eksempelvis Indesign, Photoshot, Spark,  XD eller tilsvarande)
  • Kunnskap og evne til å holde seg oppdatert om SEO og utvikling av nettsider, og ta i bruk kunnskapen i praksis

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som:

  • Er nøyaktig, systematisk og pliktoppfyllande
  • Har evne og vilje til å ta ansvar og initiativ
  • Er samarbeidsvillig og serviceinnstilt
  • Trivast med ein variert arbeidsdag beståande av fleire forskjellige typar oppgåver.

Hos oss får du

  • Sjølvstendige, varierte og fleksible arbeidsoppgåver i eit hyggeleg, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Kontorstad sentralt plassert i grøne omgjevnadar ved Majorstuen i Oslo
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK)

Stillinga er fast og blir løna etter Statens regulativ som rådgivar, kode 1434, frå kr 482.200,- til kr 545.300,-.

Plassering av løn er avhengig av utdanning og kvalifikasjonar. Frå løna innbetalast det 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Ved tilsetting er det seks månadar prøvetid

Meir informasjon om Statens arbeidsmiljøinstitutt finn ein på vår nettside: www.stami.no

Inkludering og mangfold

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Ved STAMI legger vi vekt på mangfold, og oppfordrer derfor kvalifiserte søkere til å søke uten hensyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke selv om du har stått utenfor arbeid og utdanning i en lengre periode (hull i CVen). Våre lokaler er universelt utformet, og vi ønsker å legge forholdene til rette for personer med nedsatt funksjonsevne.

Dersom du som søker krysser av for nedsatt funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hull i CVen, gjør vi deg oppmerksom på at denne opplysningen kan brukes til statistikkformål i samsvar med kravene i personvenvernforordningen artikkel 13 og 14.

Du kan be om å bli unntatt fra den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.

Kontaktinformasjon:

Fleire opplysingar får du ved å kontakte:

  • Sture Rolfheim-Bye, kommunikasjonsdirektør, tlf: 23 19 51 64 / e-post: slb@stami.no
  • Inger-Johanne Rørstad, seniorrådgjevar , tlf: 23 19 53 21 / e-post: ijr@stami.no

Søknadsfrist: 4. juni

SØK HER

Powered by Labrador CMS