STILLING LEDIG:
Haukeland universitetssjukehus søkjer kommunikasjonsrådgjevar
Vi du være med å gjere ein forskjell? Vi søkjer no etter ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som skal vere med oss å støtte sjukehuset i å bli endå betre.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Sjukehuset er i endring. Ny teknologi og digitalisering påverkar pasientane våre og våre 13 000 dyktige tilsette stadig meir. For å skape endå betre helsetenester meiner vi det trengs open og ærleg dialog og samhandling – og til det treng vi deg –som har eit hjerte for forbetring og kunnskap om god internkommunikasjon.
Hos oss vil du arbeide med kollegaer som har eit stort fagleg engasjement, likar å dele kunnskap og har eigarskap til løysingane som blir utvikla. Vi er eit samansveisa team med lang erfaring, og som trivst når vi får nye, krevjande utfordringar. Vi strekkjer oss alltid for å bli betre, og ønsker ein ny, engasjert kollega hjarteleg velkomen.
Arbeidsoppgåver
Som kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen vil du jobbe i skjæringspunktet mellom teknologi og brukarar. Vi søkjer deg som har eit godt auge for korleis ny teknologi kan brukast til å forbetre og forenkle samhandlinga i store og komplekse prosjekt, og til å støtte leiarane våre til å betre kommunisere med sine tilsette.
Du har klare tankar om korleis vi ved hjelp av digitale løysingar og gode kommunikasjonsgrep når heilt ut i organisasjonen med viktig informasjon til alle våre 13 200 tilsette.
Det er ein fordel om du har kunnskap og erfaring med Office365.
Du vil vere med i avdelinga si vaktordning knytt til beredskap.
I tillegg reknar vi det som sjølvsagt at du skriv godt og forståeleg på både nynorsk og bokmål, kan sosiale medier og at du kan ta eit bilete eller ein video ved behov.
Andre kommunikasjonsoppgåver ved behov.
Kvalifikasjonar
- Erfaring med kommunikasjonsarbeid frå store og komplekse organisasjonar/bedrifter.
- Utdanning/erfaring innan IKT /digitalisering /kommunikasjon.
- Erfaring frå arbeid med digitalisering, digital utvikling, innhaldsproduksjon og publisering på nettsider.
- Kjennskap til offentleg forvalting og frå helsefeltet spesielt, er ein fordel. Gode kunnskapar i nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Engasjert og trivst med høgt arbeidstempo
- Interesse for – og kunnskap om nye trendar og verktøy innan digital kommunikasjon
- Kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og god gjennomføringsevne
- Fleksibel og imøtekomande
- Kontaktskapande, kreativ og nytenkjande
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i ein spanande organisasjon
- Høgt tempo og gode kollegaer
- Fleksibilitet i arbeidskvardagen
- Fagleg utvikling
- Løn etter avtale
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon:
- Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør, tlf: 901 33 771 / e-post: erik.vigander@helse-bergen.no
- Aleksander Valestrand, seniorrådgjevar, tlf. 970 99 899 / e-post: aleksander.valestrand@helse-bergen.no