STILLING LEDIG:

Stiftelsen Bergen internasjonale litteraturfestival søker kommunikasjonsleiar

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Prosjektstilling

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 26. april

Om arbeidsgiver:

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet.

Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter åtte år er vi godt etablert.

Vi samarbeider tett med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor.

Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd.

Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur.

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) presenterer norsk og internasjonal litteratur av høg kvalitet. Festivalen er kjenneteikna av eit litterært, språkleg, kulturelt og geografisk mangfald, og etter åtte år er vi godt etablert. Vi samarbeider tett med staben på Litteraturhuset i Bergen, der vi har kontor. Vi har eit dedikert styre og nyttar aktivt innspel og idear frå vårt nasjonale og vårt internasjonale kunstnariske råd. Festivalen har eit veksande internasjonalt nettverk, og satsar særskilt på å skape ein møteplass for norsk og internasjonal litteratur. LitFestBergen ønsker å markere seg enda tydelegare både nasjonalt og internasjonalt, og denne stillinga vil spele ei viktig rolle i dette arbeidet. 

Vi søker kommunikasjonsleiar i 100% prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting.

Oppgåver

Overordna ansvar for alt kommunikasjonsarbeid, både stort og smått. Vi ønsker nokon som kan arbeide med strategisk posisjonering av festivalen. Du har òg ansvar for nettsida, medieinnsal, produksjon til some og billettsystemet. Kommunikasjonsleiaren skal følgje opp praktikant(ar).

Oppgåver som òg vil ligge til stillinga:

  • Søknadsarbeid

  • Oppfølging av enkeltprosjekt, til dømes LitFestUng

  • Andre oppgåver kan tilfalle stillinga ut frå behova til festivalen og interessene til den aktuelle kandidaten.


Søknadsfrist: 26.04.2026

Tiltredelse: august 2026


Kvalifikasjonar 

  • Nøyaktig og fleksibel

  • Lang erfaring med kommunikasjonsarbeid
    Særs gode språklege evner på norsk og engelsk

  • God datakunnskap

  • Høgare utdanning

  • Stor arbeidskapasitet og fleksibilitet i periodar med ekstra intensive dagar

  • Erfaring frå festivalarbeid er ein fordel

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid

  • Stor grad av sjølvstende

  • Løn etter avtale og lang sommarferie

  • Moglegheit for nasjonale og internasjonale reiser

  • Kreativt og ope arbeidsmiljø på Litteraturhuset i Bergen


Arbeidsstad: Litteraturhuset i Bergen.

Kontaktinformasjon

For spørsmål, kontakt:

Send søknad til: teresa@litfestbergen.no

Powered by Labrador CMS