STILLING LEDIG:

Helse- og omsorgs­departementet (HOD) søkjer kommunikasjons­rådgjevarar

Vi har to ledige stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar, ei fast stilling og eit engasjement på seks månader med høve for forlenging.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast/Engasjement

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 3. september

Om arbeidsgiver

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette. Les meir om oss på regjeringa.no.

Kommunikasjonseininga har ansvaret for departementet sin kommunikasjonsstrategi, informasjonstiltak og all mediehandtering. Eininga gir råd til politisk leiing i kommunikasjonsspørsmål og arbeider tett med politisk leiing og fagavdelingane i departementet. Kommunikasjonseininga har tolv tilsette.

To ledige stillingar som kommunikasjonsrådgjevar

Som kommunikasjonsrådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker derfor personar som er samfunnsengasjerte med god rolleforståing og god forståing av aktuelle helsepolitiske saker og utviklinga i medielandskapet.

Arbeidsoppgåver fast stilling:

  • Mediehandtering
  • Inngå i pressevaktordninga
  • Planlegge og følgje politisk leiing på reiser
  • Ha kommunikasjonsansvar for eit fagområde
  • Utarbeide kommunikasjonsstrategiar
  • Produsere tekstar til pressemeldingar og departementets digitale flater

Kvalifikasjonar fast stilling:

  • Relevant arbeidserfaring, gjerne som journalist eller liknande.
  • Relevant høgare utdanning innan media og kommunikasjon på fortrinnsvis masternivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på.

For stilling som rådgjevar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar normalt minst 6 år relevant erfaring.

Arbeidsoppgåver engasjement:

  • Produsere, redigere og publisere digitalt innhald som video og foto, nyheitsgrafikk og nyheitssaker
  • Ha ansvar for departementet sine nettsider
  • Planlegge og koordinere den digitale dekninga av departementet sitt arbeid og politiske satsingsområde
  • Mediehandtering
  • Inngå i pressevaktordninga
  • Planlegge og følgje politisk leiing på reiser

Kvalifikasjonar engasjement:

  • Kompetanse innan digital kommunikasjon. Beherske Adobe Creative Cloud og andre digitale program.
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne som journalist eller liknande.
  • Relevant høgare utdanning innan media og kommunikasjon på fortrinnsvis masternivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande formell utdanning.
  • Ha stor interesse for digital kommunikasjon og målgruppeforståing.
  • Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på.

For stilling som rådgjevar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar normalt minst 6 år relevant erfaring.

Personlege eigenskapar for begge stillingane:

  • Idérik og initiativrik
  • Arbeider godt under press
  • Interesse for departementet sine fagområde
  • Fleksibel og arbeidsvillig
  • God vurderingsevne og van til å handle raskt når det er nødvendig
  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
  • Stort rom for sjølvstendig og kreativt arbeid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Spennande arbeidsområde med godt høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Stillingsbrøk: 100%.
  • Løn: frå 520 000 kr til 750 000 kr avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.

Den som blir tilsett, må kunne verte sikkerhetsklarert.

Generell informasjon:

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Som IA-verksemd vil departementet leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Søkarar som opplyser om at dei har redusert funksjonsevne, vil bli kalla inn til intervju dersom dei er kvalifiserte for stillinga.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentliggjort, sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkarlista. Søkaren vil i tilfelle bli informert før offentleggjering.

Kontaktinformasjon:

Meir informasjon om stillingane her.

SØK HER

Powered by Labrador CMS