STILLING LEDIG:

Helse Bergen, Haukeland universitets­sjukehus søker kommunikasjons­rådgjevar

Vil du vere med på å gjere ein forskjell saman med verdas beste kollegaer i eit framtidsretta kommunikasjonsmiljø?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 28. april

Om arbeidsgivar

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Vi søkjer ein erfaren rådgjevar som skal vere med oss på laget for å gjere sjukehuset endå betre.

Sjukehuset er i stadig endring. Nye bygg, ny teknologi og auka digitalisering påverkar helsetenesta og gir stadig nye moglegheiter og utfordringar for pasientane og våre 13 200 dyktige tilsette. I ein organisasjon som er i konstant endring og utvikling, er kommunikasjon ei svært viktig brikke.

Vi søkjer deg som med din kommunikasjonskompetanse kan bidra til at endringane skjer på best mogleg måte. Vi ser spesielt etter deg som synest internkommunikasjon og endringskommunikasjon er spennande – men som óg har erfaring med å jobbe med media og eksterne samarbeidspartnarar.

Hos oss vil du arbeide med kollegaer som har eit stort fagleg engasjement, stor fagleg breidde, likar å dele kunnskap og har eigarskap til løysingane som blir utvikla. Vi er eit samansveisa team med lang erfaring, og som trivast når vi får nye, krevjande utfordringar. Vi strekkjer oss alltid for å bli betre, og ønskjer ein ny, engasjert kollega hjarteleg velkomen.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe strategisk med kommunikasjon i prosjekt, avdelingar og nye behandlingstilbod
  • Jobbe tett med andre stabstilsette og klinikarar i større og mindre prosjekt
  • Lage innhald til eigne kanalar internt og eksternt
  • Delta i avdelinga si vaktordning knytt til beredskap og pressevakt
  • Andre kommunikasjonsoppgåver ved behov
  • I tillegg reknar vi det som sjølvsagt at du skriv godt og forståeleg på både nynorsk og bokmål, kan sosiale media og har grunnleggjande foto/videokompetanse

Kvalifikasjonar

  • Utdanning/erfaring innan kommunikasjon/ IKT/ digitalisering. Kunnskap og erfaring med Office365 er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med digitalisering, digital utvikling, innhaldsproduksjon og publisering på nettsider
  • Du har klare tankar om korleis vi ved hjelp av digitale løysingar, gode kommunikasjonsgrep, godt leiararskap og brukarmedverknad når heilt ut i organisasjonen med viktig informasjon til alle våre tilsette
  • Erfaring med kommunikasjonsarbeid frå store og komplekse organisasjonar/bedrifter er ein stor fordel
  • Kjennskap til offentleg forvalting og frå helsefeltet spesielt, er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og trivast med høgt arbeidstempo
  • Interesse for – og kunnskap om nye trendar og verktøy innan digital kommunikasjon
  • Kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og god gjennomføringsevne
  • Fleksibel og imøtekomande
  • Kontaktskapande, kreativ og nytenkjande
  • God munnleg, skriftleg og visuell framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i ein spennande organisasjon
  • Høgt tempo og gode kollegaer
  • Fleksibilitet i arbeidskvardagen
  • Fagleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring

Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

  • Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør, tlf: 901 33 771
  • Aleksander Valestrand, seniorrådgjevar og nestleiar kommunikasjonsavdelinga, tlf: 970 99 899

SØK HER

Powered by Labrador CMS