STILLING LEDIG:

Framtidsfylket AS søker kommunikasjonsrådgjevar
Om du meiner at du kan hjelpe oss med å motbevise utsegna i bildet over, vil vi gjerne høyre frå deg.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Vi har nemleg ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar med stor interesse for digital marknadsføring.
Velkommen til oss
Vi håpar du er på plass etter sommarferien, full av energi, D-vitaminar og arbeidslyst. Send ein søknad til linda@framtidsfylket.no der du fortel om deg sjølv, din store kjærleik til Vestland og kva du kan utrette for oss.
Arbeidsoppgåver
- Produsere innhald til nettsida vår
- Publisere og engasjere i sosiale medium
- Planlegge og gjennomføre kampanjar
- Planlegge og gjennomføre superkule arrangement
- Sette opp og sende ut nyheitsbrev
- Potet-arbeid
- Rådgje kundar innan rekrutteringskommunikasjon
Om deg
Vi ser etter ein person med kompetanse og idear om korleis vi kan inspirere fleire til å sjekke ut arbeidsmarknaden i Distrikts-Vestland, og som kan få tenning på arbeidslivet her og verdien av å synleggjere det. Hos oss blir du ein av fire som elskar vestlandslivet – og likar å fortelje om det.
Vi tilbyr
Fri arbeidsplass
Kanskje trivst du best i eit pulserande kontorlandskap, kanskje jobbar du best på heimekontor? Vi ønsker at kontorpulten din står i Førde i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord, men det er også rom for heimekontor eller ein visitt på vårt kontor i Odda. Du må uansett rekne med ein del reiseaktivitet, både for å besøke kundar, kommunar og kollegaer. Utekontor er også eit alternativ.
Fri ferie og fleksitid
Jobben skal ikkje stå i vegen for at du skal ha ei god fritid eller få familielivet til å fungere. Så lenge du leverer og ditt ansvar er ivaretatt, er det fritt fram for å nyte den éine soldagen på Vestlandet, ta haustferie i februar eller realisere draumen om å bli birøktar.
Trening i arbeidstida
For at du skal trivast, dyrke kreativiteten og prestere, er det lurt å røre litt på seg. Vi er kanskje den einaste arbeidsplassen som har pålagt trening i arbeidstida?
Fagleg utvikling
Det er både fint og nyttig å lære noko nytt. Difor set vi av tid til fagleg utvikling og kompetanseheving.
Kontaktinformasjon
- Linda Hovland, e-post: linda@framtidsfylket.no / tlf: 990 17 852
Søknad sendast til linda@framtidsfylket.no
