STILLING LEDIG:

Porten.no søkjer journalist
Me ønskjer ein sjølvdrivande og engasjert journalist, som kan vere med å ta avisa enda eit steg vidare.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Porten.no er på topp tre-lista blant dei raskast veksande lokalavisene i landet. No ønskjer me ein sjølvdrivande og engasjerte journalistar, som kan vere med å ta avisa enda eit steg vidare.
Click to add image captionClick to add image-byline

I porten.no får du ta del i eit ungt, energisk og hardtsatsande arbeidsmiljø. Hovudkontoret i Årdal og kontoret i Sogndal er plassert like ved eit mylder av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.
Hos oss er det kort veg mellom idé og realisering: me er alltid interesserte i å testa nye konsept som kan heve produktet.
Nettavisa Porten er i stor vekst, og ønskjer journalistar som kan hjelpe oss å halde fram med den veksten. Er det deg?
Ansvar og oppgåver:
Du vil vere med å produsera og utvikla det redaksjonelle arbeidet i Sogn. Her er det viktig å:
- byggje nettverk innan politikk, næringsliv og lokalsamfunnet elles
- stille førebudd til kvar vakt med eigne idear
- oppsøkje nyheiter utanfor kontoret og jakte dei gode historiene
Ønskja kvalifikasjonar og bakgrunn:
- Relevant høgare utdanning, eller jobberfaring fortrinnsvis innan journalistikk eller andre samfunnsområde, som økonomi, samanliknande politikk, o.l.
- Oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
- God etisk vurderingsevne
- Porten.no er ei nynorskavis, og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk
Me søkjer deg som:
- Er konkurransedriven og er ambisiøs
- Jobbar raskt og trivst i eit hektisk miljø
- Ønskjer å vere med å byggja opp bedrifta
- Held fokus sjølv om det er mange ballar i lufta
- Jobbar godt åleine og i team
- Er samfunnsengasjert, nysgjerrig og oppteken av resultat og kvalitet
- Fordel med førarkort
Me tilbyr:
- Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
- Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar
- Fast stilling i 100%
Om du ikkje fyller alle krav, ønskjer me likevel å ta imot ein søknad om du er interessert.
Me har kontor i Årdal, Sogndal og Høyanger. Våre journalistar har moglegheit til å vere til stades på alle kontora.
Kontaktinformasjon:
- Ola Weel Skram, ansvarleg redaktør, tlf. +47 415 77 725 / e-post: ola@porten.no
- Kristine Haglund, dagleg leiar, tlf. +47 948 61 766 / e-post: kristine@porten.no
- Kyrre Fitje, klubbleiar, tlf. 94 888 477, e-post: kyrre@porten.no
Tilsetjing: Snarast mogleg. Søknader blir behandla fortløpande.
Legg ved attestar og vitnemål, gjerne også døme på saker og reportasjar.
Send CV og søknad snarast til jobb@porten.no
