STILLING LEDIG:

Lotteri- og stiftelsestilsynet søker kommunikasjon­s­rådgiver

Kommunikasjons- og strategistaben i Lotteri- og stiftelsestilsynet skal forsterke laget. Difor har vi ledig fast stilling som kommunikasjonsrådgivar.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 13. februar

Om arbeidsgiver

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar i Norge. Kulturdepartementet gir rammene for arbeidet vårt, og vi jobbar heile tida for å styrke brukarane våre.

Vi blei oppretta i Førde i 2001, og oppdraga våre utviklar seg stadig. No er vi nær 80 kunnskapsrike og engasjerte tilsette, med brei fagleg bakgrunn.

Sjå www.lottstift.no for meir info.

Vi ser etter deg som er skikkeleg god på digital kommunikasjon, og som er brennande opptatt av å kommunisere på målgruppa sine premissar. Du set alltid brukarane først.

Samfunnsoppdraget er kjernen av det vi driv med. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal nemleg vere eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar i Norge. No treng vi deg som kan hjelpe oss å ta dette viktige arbeidet vidare. I jobben vil du få ansvar for idéutvikling, rådgiving og gjennomføring av alt frå små til større kampanjar, annonser eller anna innhald vi skal nå ut med. Du er sjølvsagt opptatt av at bodskapen du kommuniserer når fram, og korleis du best kan måle effekten av arbeidet.

Du kjem inn i eit lite team som er opptatt av å jobbe saman for at Lotteri- og stiftelsestilsynet skal nå best mogleg ut. Vi er tre faste medarbeidarar, pluss ein trainee. Du blir med andre ord ein viktig spelar på laget vårt. Sjølv om vi er ein liten stab, har vi store oppgåver. Tilsynet har totalt nær 80 tilsette, og vi jobbar tett med kollegaane våre på dei andre avdelingane.

Det viktigaste for oss er ikkje kva du har gjort før, men kva du vil gjere framover. Du må vere nysgjerrig og forstå korleis verda endrar seg, og tilpasse det vi gjer på ein god måte. Du likar å jobbe operativt for å nå våre strategiske mål.

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Dette vil du jobbe med:

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere kommunikasjonstiltak
  • Lage innhald til våre nettsider, sosiale medium og interne kommunikasjonskanalar
  • Kreativ utforming og gjennomføring av kampanjar innan alt frå fagområda våre til rekruttering
  • Gi kommunikasjonsråd til avdelingane våre, slik at vi når ut på ein forståeleg måte
  • Mediehandtering, følge mediebildet og jobbe proaktivt mot media

Kvalifikasjonar:

  • Du har høgare relevant utdanning, fortrinnsvis innan kommunikasjon, journalistikk, marknadsføring eller samfunnsvitenskap.

Vi ser ikkje etter ein superhelt som kan alt dette, men viss du kan krysse av for fleire av desse punkta er du ein sterk kandidat:

  • Du er nysgjerrig på ny teknologi, og har erfaring med innhaldsproduksjon i digitale flater.
  • Du kan formidle komplekst innhald på ein enkel og engasjerande måte, og har veldig gode formuleringsevner - både munnleg, skriftleg og visuelt.
  • Du har solid erfaring med sosiale medium som Linkedin, Facebook, Snapchat, Instagram og liknande. Du kjenner verktøya bak og veit kva knappar du skal trykke på for å nå ut.
  • Du har erfaring med søkemotoroptimalisering og kunnskap om Google Ads og Google Analytics.
  • Du kan filme, fotografere og redigere med mobilen, og lagar gjerne videoar.

Du bør kjenne deg igjen i dette:

  • Du er nytenkande og tar initiativ
  • Du jobbar svært godt med andre og er ein god relasjonsbyggar
  • Du likar høgt tempo og å ha mange ballar i lufta samtidig, og er flink til å lande desse
  • Du er sjølvdriven og løysningsorientert

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Dette får du hos oss:

  • Ein meiningsfylt, variert jobb med store moglegheiter for fagleg utvikling
  • Eit inkluderande, godt arbeidsmiljø med flinke og dedikerte kollegaer som brenn for samfunnsoppdraget vi har
  • Kontorplass i Førde sentrum med eige treningsrom og kantine
  • Moglegheit for å jobbe delvis heimefrå
  • Fleksibel arbeidstid, betalt overtid og trening i arbeidstid
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • IA-bedrift

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1408/1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Kontaktinformasjon:

  • Marie Havnen, kommunikasjons- og strategidirektør, tlf: 416 30 884
  • Bjørn Leirdal, seniorrådgivar, tlf: 992 84 350

SØK HER

Powered by Labrador CMS