STILLING LEDIG:

Sosialistisk Venstreparti søker folkevaldrågjevar

Vil du utvikle SVs folkevaldoppfølging?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 26. april

Om arbeidsgiver

Sosialistisk Venstreparti er i sterk vekst, og søkjer deg som vil vere med på arbeide for endå større oppslutnad. SV arbeider for eit samfunn med sterke fellesskap og små forskjellar, eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få.Per i dag er det om lag 25 tilsette i SV, 15 av desse har arbeidsplass på partikontoret, og resten i fylka. I tillegg er det om lag 25 tilsette i stortingssekretariatet.

Bli kjent med SV - Sosialistisk Venstreparti.

SV har oppretta ei ny stilling som folkevaldrådgjevar, som vil få ansvar for å sikre at SV sine folkevalde har eit godt apparat rundt seg. SV har i dag i overkant av 500 lokalt folkevalde, nokre av desse sit i posisjon og andre i opposisjon.

Ansvarsområde

Overordna ansvar for at SVs folkevalde får god oppfølging, og for å sikre god støtte i det folkevalde arbeidet på kommunalt og fylkeskommunalt nivå.

Sentrale oppgåver

  • Sikre system for politisk og organisatorisk støtte for våre lokalt folkevalde
  • Bidra til at SVs folkevalde er synlege i lokalmedia og sosiale medium
  • Sikre at våre folkevalde får støtta dei treng, uavhengig av størrelse på det lokale partilaget og den lokale partigruppa
  • Skape digitale og fysiske arenaer for erfaringsutveksling og politikkutforming
  • Medverke til å skape arenaer og opplegg for skolering av folkevalde

Vi leiter etter deg som har

  • Solid organisasjonserfaring
  • Er kreativ og iderik
  • kjennskap til forvaltningsnivåa i Noreg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Evne til og glede av å arbeide sjølvstendig og nøyaktig, og til å planlegge, organisere og leie.

Erfaring frå partipolitisk arbeid og/eller kommunal forvaltning vil vere ein fordel.

I tillegg legg vi vekt på at du er

  • Utadvent og glad i samarbeid
  • God til å kommunisere, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eigna til stillinga

Generelt om stillinga

Stillinga blir løna i tråd med Landsoverenskomsten mellom Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening og Handel og Kontor, samt SVs lokale lønnspolitikk. Lønsspennet for stillinga er lønssteg 40-57 (tilsvarer f.t. ei årsløn på kr 475.994- 654.394), med individuell fastsetting av lønssteg etter kompetanse og erfaring

Vi har fleksitid, og du må elles rekne med noko kvelds- og helgearbeid i samband med møter og arrangement. Gode moglegheiter for avspasering.

Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn.

SVs partikontor arbeider for å fremje partiets politiske syn. Den som blir tilsett i stillinga må kunne tilslutte seg hovudtrekka i SV sitt politiske prosjekt og våre politiske program.

Arbeidsplass

Stillinga blir lyst ut med ulike alternativ for dagleg kontorplass. Alternativa er anten på SV sitt partikontor på Tøyen torg i Oslo, eller hos eitt av fylkeslaga som har kontor i Porsgrunn, Kristiansand, Stavanger, Bergen eller Trondheim.

Viktig om søknaden frå deg

  • Alle søknader må sendast inn gjennom finn.no sin søknadsportal.
  • Vi ber om at du lastar opp både søknadsbrev og CV i søknadsportalen, men attestar og vitnemål blir først førespurt ved eit eventuelt intervju.
  • Du må også oppgi i søknaden kvar du ønskjer å ha din daglege arbeidsplass.

Kontaktinformasjon

SØK HER

Powered by Labrador CMS