STILLING LEDIG:

UiB søker kommunikasjons­rådgjevar ved Det medisinske fakultet

Vil du vere med og formidle medisinsk forsking? Er du analytisk og samfunnsengasjert? Veit du korleis du skal nytte ulike plattformar for å nå ulike målgrupper?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 3. juni

Om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar

Vil du vere med og formidle medisinsk forsking? Er du analytisk og samfunnsengasjert? Veit du korleis du skal nytte ulike plattformar for å nå ulike målgrupper?

Kommunikasjonsavdelinga ved UiB søker ein idérik og engasjert kollega som skal ha Det medisinske fakultet som arbeidsstad.

Den rette kandidaten har teft for dei gode nyheitssakene, og god innsikt i korleis ein kan nå ut i media. Kandidaten vi ser etter er kreativ og har eit friskt blikk på korleis kunnskapsinstitusjonar som UiB kan kommunisere med ulike målgrupper.

Stillinga høyrer til ved den sentrale Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, men den som bli tilsett vil ha eit særskilt ansvar for Det medisinske fakultet. Her vil ein inngå i eit team som arbeider med å synleggjere både forsking og studiekvardag ved fakultetet.

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er ei fast stilling i 100 prosent (kode 1434 rådgjevar).

Kommunikasjonsavdelinga har rundt 35 tilsette, der delar av staben har sin daglege arbeidsplass på dei ulike fakulteta.

Noko reiseaktivitet og arbeid på kveld/helg bør påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum bachelornivå innan journalistikk eller kommunikasjonsfag
  • Minimum tre års relevant arbeidserfaring
  • Stødig skriftleg framstillingsevne (nynorsk, bokmål og engelsk)
  • Teft for dei gode mediesakene
  • Ein god lagspelar og relasjonsbyggar
  • Strukturert og sjølvgåande
  • Gode samarbeidsevner

I tillegg er det eit stort pluss om du har:

  • Interesse for fagområda til Det medisinske fakultet
  • Erfaring med forskingsformidling
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Eit analytisk blikk på eksisterande og komande sosiale medium
  • Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon
  • God forståing for korleis tilpasse innhald til relevante målgrupper

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Ein spennande jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel
  • Faglege utfordringar
  • Rom for kreativt arbeid
  • Moglegheit for personleg ansvar og utvikling
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnstrinn 62-67 (for tida 563 900-615 800) i det statlege lønnsregulativet For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Trening i arbeidstida
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktinformasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Ida Bergstrøm, gruppeleiar for fakultetskontakt, tlf: 958 01 423 / e-post: ida.bergstrom@uib.no
  • Marion Solheim, kommunikasjonsleiar ved Det medisinske fakultet, tlf: 991 52 821 / e-post: marion.solheim@uib.no

SØK HER

Powered by Labrador CMS