STILLING LEDIG:
Møre og Romsdal fylkeskommune søker fire kommunikasjonsrådgivarar
Denne artikkelen er over to år gammel.
Kommunikasjonsrådgivarar samferdsel
Vi søker etter tre utviklingsorienterte pådrivarar, som gjennom kommunikasjonsfagleg arbeid skal vere med på å forme samferdselstilbodet for innbyggarane i Møre og Romsdal. Det nyoppretta teamet skal mellom anna bidra til at fleire reiser miljøvennleg, tek i bruk nye mobilitetsløysingar som er under utvikling, og er med på å planlegge og gjennomføre store utbyggingsprosjekt. Den eine stillinga vil også få ei rolle som team-koordinator.
Som kommunikasjonsrådgivar skal du bidra til:
- God og tydeleg kommunikasjon med målgruppene våre
- Strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid
- Støtte leiarane våre i kommunikasjonsarbeidet
- Eit sterkt kommunikasjonsfagleg miljø i fylkeskommunen
Konkrete arbeidsoppgåver:
- Gjennomføre informasjonskampanjar
- Utarbeide kommunikasjonsplanar i tråd med fylkeskommunens kommunikasjon- og kanalstrategi
- Utarbeide bodskap, talepunkt og presentasjonar
- Medieovervåking og analyse av mediemoglegheiter
- Intern kommunikasjon og rådgiving
- Handtere spørsmål frå media, skrive pressemeldingar, artiklar og kronikkar
- Omdømebygging og samfunnskontakt
- Skape og publisere innhald på sosiale medium og web
- I samarbeid med kommunikasjonsseksjonen, gi støtte til andre fag- og tenesteområde i organisasjonen ved kapasitet og behov" andre oppgåver kan kome i tillegg
Abeidssted er Molde, Ålesund eller Kristiansund.
Kontaktinformasjon:
- Magne Arild Vinje, ass. samferdselsdirektør, e-post: magne.arild.vinje@mrfylke.no / tlf: 913 78 582 / arbeid:+47 712 80 279
- Arild Fuglseth, samferdselsdirektør, e-post: arild.fuglseth@mrfylke.no / tlf: 915 30 085 / arbeid: +47 712 80 267
SØK HER
.
Kommunikasjonsrådgivar – kommunikasjonsseksjonen
Har du nyheitsteft, strategisk blikk og evne til å sjå samanhengar? Er du er samfunnsengasjert og har kunnskap om politiske prosessar? Er du tydeleg og presis i formidlinga, og trygg i kommunikasjonsfaget og bruk av digitale verktøy?Då kan DU vere den vi ser etter!
Ved kommunikasjonsseksjonen lyser vi no ut etter ein kommunikasjonsrådgivar i 100 % fast stilling.Du vil bli kollega med fire kommunikasjonsrådgivarar og ein grafisk designar, og får jobbe med kommunikasjonsfagleg rådgiving og rettleiing på tvers av fag- og tenesteområde i ein av dei største og mest komplekse organisasjonane i Møre og Romsdal.
Du får jobbe med:
Strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Du vil også få oppgåver med å:
- Skrive nyheitssaker, pressemeldingar, kronikkar og innhaldsproduksjon på våre plattformer
- Bruk av foto og film i formidling av bodskap
- Analysere mediebildet og komme med råd om bodskap/ strategi/ handling
- Lage mediestrategiar
- Gi støtte til mediehandtering, kriseberedskap og andre kommunikasjonsoppgåver internt og eksternt
- Andre oppgåver innan kommunikasjonsområdet kan bli lagt til stillinga.
Abeidssted er Molde.
Kontaktinformasjon:
- Dag Lervik, organisasjonssjef, e-post: dag.lervik@mrfylke.no / tlf: 951 73 038 / arbeid: +47 712 80 175
- Inger Johanne Moene, kommunikasjonssjef, e-post: inger.johanne.moene@mrfylke.no / tlf: 47284003 / arbeid:+47 712 80 182