Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) søker rådgivar/seniorrådgivar
Fast stilling i Kommunikasjonseininga
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Oslo
Søknadsfrist: 12. januar
Om arbeidsgjevar:
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har 250 tilsette. Les meir om oss på regjeringa.no.
Er du interessert i helsepolitikk og har ein skarp penn? Vi søker taleskrivar.
Om Kommunikasjonseininga
Kommunikasjonseininga har ansvar for praktisk tilrettelegging og strategisk utforming av politisk leiing si kontakt med media, og har eit overordna ansvar for strategisk kommunikasjon, for departementet sine nettsider og kanalar i sosiale medium og for krisekommunikasjon.
Eininga har også ansvar for internkommunikasjonen i departementet, og har 11 tilsette.
Helse- og omsorgsdepartementet
Som taleskrivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet.
Vi ønsker deg som skriv godt, raskt kan sette deg inn i kompliserte saker, jobbar sjølvstendig og har erfaring som taleskrivar. Den vi tilset vil òg ha som arbeidsoppgåver å skrive innlegg og kronikkar. Taleskrivaren inngår i team med resten av kommunikasjonseininga i departementet, og kan òg ha andre arbeidsoppgåver knytt til kommunikasjon.
Helse- og omsorgstenesta er eit omfattande felt der problemstillingane er krevjande, debattane mange og merksemda stor. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Vi søker deg som kan gi kloke råd og forme poengterte bodskap som treff når det hastar, og som evner å tenke langsiktig. Du bør ha god innsikt i norsk politikk og forvaltning.
Arbeidsoppgåver
Skrive og utvikle bodskap og tekstar, som talar og kronikkar, pressemeldingar, talepunkt, innlegg og bodskapsplattformer, i samarbeid med politisk leiing og fagavdelingar
Førebu politisk leiing til intervju og debattar
Moglegheit for å gå inn i pressevaktordninga
Bidra ved andre aktuelle oppgåver
Kvalifikasjonar og personalege eigenskapar
Du må ha
høgare utdanning, gjerne medie- og/eller kommunikasjonsfagleg (relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanning)
ein svært god penn, og skrive klart og tydeleg både på norsk og engelsk
meistre både korte og treffande bodskap til sosiale medium og lengre talar og overordna bodskapsutvikling
god rolleforståing, og forstå samspelet mellom politikk, fag og media
Ønskelege kvalifikasjonar
Du bør ha erfaring som journalist, kommunikasjonsrådgivar og/eller taleskrivar
Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på
Du må som hovudregel ha minst tre års relevant erfaring for å bli plassert inn som rådgivar, og minst seks års relevant erfaring for å bli seniorrådgivar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
er idé- og initiativrik
er analytisk
arbeider godt under press
har god vurderingsevne og er van med å handle raskt når det er nødvendig
har interesse for departementet sine fagområde
er fleksibel og arbeidsvillig
er raus, positiv og omgjengeleg med gode samarbeidsevner
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Vi tilbyr
100% fast stilling
Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
Eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Lyse kontorlandskap midt i sentrum (regjeringskvartalet)
Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert HEMMELEG eller høgare etter sikkerheitslova.
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
kr 630 000 - 950 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Bakgrunnssjekk
HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.