Energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane.
Departementet har og ansvar for forvalting av mineralførekomst på kontinentalsokkelen.
Om kommunikasjonseininga og stillingen
Me søkjer deg som er samfunnsinteressert, som kan gje solid kommunikasjonsfagleg støtte, og som trivst på reisefot og med høgt tempo. Som medarbeidar i kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med fem erfarne kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.
Stillinga er ein del av vaktordninga i kommunikasjonseininga, og du må rekne med tidvis kvelds- og helgearbeid.
Arbeidsoppgåvene i kommunikasjonseininga er varierte og omfattar blant anna:
Kontakt med pressa
Planlegging av statsrådens reiser og arrangement
Skriving av talar og innlegg for statsråden
Produksjon av innhald til regjeringa.no og sosiale medium
Strategisk rådgiving for politisk leiing og fagavdelingane i departementet
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som har:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
Erfaring frå relevant kommunikasjonsarbeid og/eller journalistikk
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk
I tillegg er det ein fordel om du har god kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg sektor.
Den som vert tilsett må kunne autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerhetsloven. Sjå her for meir informasjon om autorisasjon.
Personlege eigenskaper
Me søkjer ein person som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert. Du har stor arbeidskapasitet, set deg raskt inn i ulike saker, og trivst med eit høgt arbeidstempo.
Me tilbyr
Spennande oppgåver i skjeringsfeltet mellom fag, næringsliv og politikk
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
Stillinga lønes som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar: kr 516.800 – 800.000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
Betalt overtid
Trening i arbeidstida
Generell informasjon
Positiv særbehandling
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla må søkjarar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Me ber søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.
Mangfoldserklæring
Energidepartementet ønskjer at arbeidsstyrken speglar mangfaldet i samfunnet. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn eller funksjonsevne.
Me vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det: tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møbler eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.