Vi søker ein trygg og sjølvgåande leiar med tydeleg formidlingsevne og kunnskap om globale politiske forhold.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Førde
Søknadsfrist: 21. januar
Om arbeidsgiver:
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, mellom fjell og fjordar på det vakre Vestlandet.
Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Vi er eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring og kunnskap innan berekraftig utvikling.
Meir enn 220 bedrifter, institusjonar og organisasjonar i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er del av det internasjonale nettverket vårt. Les meir om Norec på www.norec.no
Medarbeidarane i Norec er dei som gjer det mogleg å levere best mogleg på samfunnsoppdraget, og som ny kommunikasjonsleiar vil du vere viktig for at vi skal nå måla våre.
Ansvar og oppgåver
Vår nye kommunikasjonsleiar skal saman med direktøren ha det overordna ansvaret for alle kommunikasjonskanalane til Norec. Du vil få personalansvar for fire medarbeidarar, og må vere ein tydeleg og utviklande leiar som set retning for det heilskaplege kommunikasjonsarbeidet i seksjonen.
Du kjem til å samarbeide tett med toppleiinga både i det daglege, og når det gjeld strategisk kommunikasjon og koordinering av ulike arrangement der Norec bidreg. For å lykkast med dette er det nødvendig at du evnar å prioritere og organisere oppgåvene i seksjonen til det beste for heile organisasjonen.
Som kommunikasjonsleiar hos oss vil vi at du bidreg i samfunnsdebatten med utgangspunkt i Norec sin kompetanse på utvekslingssamarbeid. Du må difor vere ein solid formidlar som er komfortabel med å vere synleg og ta plass i ulike medium.
Erfaring og kvalifikasjoner
Vi ser etter ein leiar som er god på relasjonar og veit korleis ein kan nytte den kompetansen medarbeidarane har på ein best mogleg måte. Du må vere strukturert og ha gjennomføringskraft, kombinert med ei open og involverande tilnærming til korleis oppgåvene skal løysast.
Det er vesentleg for oss at du evnar å samarbeide på tvers av ulike fagområde i organisasjonen og har god rolleforståing. Det er forventa at du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og er eit forbilde som samarbeidspartnar.
Aktuelle kandidatar til stillinga har høgare utdanning innan samfunnsfag, kommunikasjon eller journalistikk, men lang relevant erfaring kan kompensere ved anna utdanningsretning. Vi ønsker at du har internasjonal erfaring, og kunnskap om internasjonale utviklingssamarbeid er ein fordel. Gode kunnskapar i norsk og engelsk er ein føresetnad.
Norec stiller krav om personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i vurdering av søkarane.
Vi tilbyr
Utfordrande og meiningsfulle oppgåver
Moglegheit til å påverke eige arbeid og utvikling innan fagfeltet
Fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor nokre dagar i veka og trening i arbeidstida
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse.
Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ med lønnstrinn 75 - 79 (kroner 759.100 - 845.900).
Kontaktinformasjon
Vi ser fram til å høyre frå deg:
Ole Petter Bratteberg, Mercuri Urval, tlf: 97 55 90 36
Anne Lise Bekjorden, avdelingsdirektør i Norec, tlf: 992 84 345
Jan Olav Baarøy, direktør i Norec, tlf: 916 24 313
Meld di interesse ved å laste opp CV og søknad via Jobbnorge innan 21. januar 2024.
All kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar.