Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og og likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringen.no.
Om stillinga og eininga
Kommunikasjonseininga har eit engasjement for eitt år som kommunikasjonsrådgivar med eige ansvar som taleskrivar for statsråden.
Kommunikasjonseininga har ansvar for at dei politiske sakene og vedtaka i departementet blir kjende for befolkninga. Eininga samarbeider med fagavdelingane og hjelper statsråden og den politiske leiinga. Dette inneber m.a. kontakt med media, pressemeldingar, pressekonferansar, innlegg, talar, regjeringa.no, sosiale medium m.m. Kommunikasjonssjefen leier arbeidet i eininga.
KUD er eit relativt lite departement, med stor offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar. For deg som taleskrivar vil det vere relevant at statsråden har mange taleoppdrag i ulike samanhengar, noko som gjer jobben variert og spanande.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for å utarbeide talar, kronikkar og innlegg
Samarbeid med og rådgiving til politisk leiing og fagavdelingane
Utvikling av eigen kompetanse og av leveransane i eininga
Handtering av medieførespurnader og kontakt med media, sektoren og publikum
Medieovervaking og utarbeiding og gjennomføring av medieplanar
Publisering av foto og video på regjeringa.no og i sosiale medium
Planlegging og gjennomføring av pressekonferansar o.l.
Anna løpande kommunikasjonsarbeid
Du vil inngå i kommunikasjonseiningas vaktordning, som sørgjer for at eininga kan løyse sine oppgåver også utanfor ordinær arbeidstid. Noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant yrkeserfaring kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet
relevant erfaring, fortrinnsvis frå arbeid som kommunikasjonsrådgivar, taleskrivar eller journalist
god forståing av samspelet mellom media, politikk og forvaltning
svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
Det er ein fordel om du har:
erfaring med taleskriving – i alle høve ein god penn
ein brei samansett kommunikasjonsfagleg kompetanse
erfaring frå rådgiving av toppleiarar
Personlege eigenskapar:
har stor arbeidskapasitet og evne til å ha fleire ballar i lufta på same tid
trivst med å arbeide med ei rekkje ulike tekstsjangrar, og har ambisjonar innan taleskriving
er oppteken av god kvalitet, og som er ambisiøs på vegner av deg sjølv og eininga evnar å setje deg inn i komplekse saker og raskt formidle dei på ein god måte
har svært gode samarbeidsevner og evne til å organisere eiget arbeid
er energisk, sjølvstendig og har ei fleksibel innstilling trivst med høgt tempo og varierte arbeidsdagar
Vi legg vekt på motivasjon og at du personleg høver til stillinga.
Vi brukar Semac bakgrunnssjekk i våre rekrutteringsprosessar, og ansettelsen føreset godkjend bakgrunnssjekk av den som vert tilbydd stillinga.
Den som blir tilsett i stillinga må kunna autoriserast for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter tryggingslova.
Vi tilbyr
Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Lønn frå kr. 548 600 (ltr. 56) til kr. 679 000 (ltr. 69) brutto per år som rådgjevar eller fra kr. 657 300 (ltr. 67) til kr. 821 100 (ltr. 78) per år som seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en og med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvailifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Kontaktinformasjon:
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med: