STILLING LEDIG:

Universitetet i Bergen søker kommunikasjons­­rådgjevar

Søk ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 22. november

Om arbeidsgiver:

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter.

Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Kommunikasjonsrådgjevar

Vil du vere med og formidle realfag? Er du analytisk og samfunnsengasjert? Veit du korleis du skal nytte ulike plattformar for å nå ulike målgrupper? Søk ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Stillinga høyrer til ved den sentrale Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, men den som blir tilsett vil ha eit særskilt ansvar for Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Her vil ein få arbeide med å synleggjere både forsking og studiekvardag ved fakultetet.

Som kommunikasjonsrådgjevar ved fakultetet jobbar ein både strategisk og operativt med kommunikasjon, med særleg vekt på forskingsformidling, studentrekruttering og omdømmebygging. Vi ønsker ein kollega som er kreativ og som har eit friskt blikk på korleis kunnskapsinstitusjonar som UiB kan kommunisere med ulike målgrupper.

Vi ser etter deg som har entusiasme og forståing for forsking, og som kan formidle kompliserte saker på ein måte som er engasjerande for andre.

Den rette kandidaten har teft for dei gode nyheitssakene, og god innsikt i korleis ein kan nå ut i media.

Kommunikasjonsavdelinga har rundt 35 tilsette, der delar av staben har sin daglege arbeidsplass på dei ulike fakulteta. Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er ei fast stilling i 100 prosent.

Noko reiseaktivitet og arbeid på kveld/helg bør påreknast.

Arbeidsoppgåver:

  • Formidling av forsking i tett samarbeid med dei vitskaplege miljøa ved fakultetet
  • Produsere digitalt innhald som tekst, video, bilde og stories
  • Mediekontakt og innsal til redaksjonar
  • Bidra til arbeid med studentrekruttering og omdømmebygging
  • Utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar for prosjekt og arrangement
  • Kommunikasjonsfagleg rådgjeving til fakultetets forskarar og leiarar
  • Handtere andre oppgåver ved avdelinga ved behov

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan journalistikk eller kommunikasjonsfag. Lang og relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet
  • Minimum tre års relevant arbeidserfaring
  • Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon
  • Stødig skriftleg framstillingsevne (nynorsk, bokmål og engelsk)
  • Teft for dei gode mediesakene
  • Ein god lagspelar og relasjonsbyggar
  • Strukturert og sjølvgåande
  • Gode samarbeidsevner

I tilegg er det eit stort pluss om du har:

  • Interesse for fagområda til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
  • God samfunnsforståing
  • Erfaring med forskningsformidling
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Eit analytisk blikk på ekisterande og komande sosiale medium
  • God forståing for korleis tilpasse innhald til relevante målgrupper

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Ein spennande jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel
  • Rom for kreativt arbeid
  • Moglegheit for personleg ansvar og utvikling
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434, årslønn 590 000 - 650 000) . For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn og/eller tilsetting som seniorrådgjevar (kode 1364) vuderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Trening i arbeidstida
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktinformasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

SØK HER

Powered by Labrador CMS