STILLING LEDIG:
Universitetet i Bergen søker kommunikasjonsrådgjevar
Søk ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved SV-fakultetet
Denne artikkelen er over to år gammel.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kommunikasjonsrådgjevar
Vil du vere med og formidle samfunnsvitskapleg forsking? Er du analytisk og samfunnsengasjert? Veit du korleis du skal nytte ulike plattformar for å nå ulike målgrupper?
Søk ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved SV-fakultetet.
Stillinga høyrer til ved den sentrale Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, men den som bli tilsett vil ha eit særskilt ansvar for Det samfunnsvitskaplege fakultet. Her vil ein få arbeide med å synleggjere både forsking og studiekvardag ved fakultetet.
Som kommunikasjonsrådgjevar ved fakultetet jobbar ein både strategisk og operativt med kommunikasjon, med særleg vekt på forskingsformidling og synleggjeringa av utdanningane våre. Vi ønsker ein kollega som er kreativ og som har eit friskt blikk på korleis kunnskapsinstitusjonar som UiB kan kommunisere med ulike målgrupper.
Vi ser etter deg som har entusiasme og forståing for forsking, og som kan formidle kompliserte saker på ein måte som er engasjerande for andre.
Den rette kandidaten har teft for dei gode nyheitssakene, og god innsikt i korleis ein kan nå ut i media.
Kommunikasjonsavdelinga har rundt 35 tilsette, der delar av staben har sin daglege arbeidsplass på dei ulike fakulteta. Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er ei fast stilling i 100 prosent.
Noko reiseaktivitet og arbeid på kveld/helg bør påreknast.
Arbeidsoppgåver:
- Formidling av forsking i tett samarbeid med dei vitskaplege miljøa ved fakultetet
- Produsere digitalt innhald som tekst, video, bilde og stories
- Mediekontakt og innsal til redaksjonar
- Bidra i planlegging og utføring av kampanjar for studentrekruttering
- Utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar for prosjekt og arrangement
- Kommunikasjonsfagleg rådgjeving til fakultetets forskarar og leiarar
Handtere andre oppgåver ved avdelinga ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan journalistikk eller kommunikasjonsfag. Lang og relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet
- Minimum tre års relevant arbeidserfaring
- Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon
- Stødig skriftleg framstillingsevne (nynorsk,bokmål og engelsk)
- Teft for dei gode mediesakene
- Ein god lagspelar og relasjonsbyggar
- Strukturert og sjølvgåande
- Gode samarbeidsevner
I tillegg er det eit stort pluss om du har:
- Interesse for fagområda til Det samfunnsvitenskaplige fakultet
- God samfunnsforståing
- Erfaring med forskningsformidling
- Erfaring med prosjektarbeid
- Eit analytisk blikk på eksisterande og komande sosiale medium
- Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon
- God forståing for korleis tilpasse innhald til relevante målgrupper
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
- Ein spennande jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
- Eit inkluderande arbeidmiljø med høg trivsel
- Rom for kreativt arbeid
- Moglegheit for personleg ansvar og utvikling
- Stilling som rådgjevar (kode 1434, årslønn 590 000 - 650 000). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn og/eller tilsetting som seniorrådgjevar (kode 1634) vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Trening i arbeidstida
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktinformasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Ida Bergstrøm, gruppeleiar for fakultetsstøtte, tlf: 958 01 423 / e-post: ida.bergstrom@uib.no