STILLING LEDIG:
Universitetet i Bergen søker webredaktør
Denne artikkelen er over to år gammel.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig webredaktør
Vil du vere med og forme framtida til UiB sine nettsider - vår viktigaste kanal for kommunikasjon med studentar og tilsette, samt eksterne målgrupper i Norge og over heile verda?
Vi jobbar med å vidareutvikle www.uib.no og ser etter ein erfaren og allsidig webredaktør(seniorrådgjevar) i fast 100% stilling. Stillinga er tilknytt den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.
Webredaktøren skal ha ei leiande rolle i arbeidet med utvikling og forvaltning av nettstaden til Universitetet i Bergen
Som webredaktør har du hovudansvar for UiB sine nettsider. Våre nettsider skal ha en standard som bygger opp under vårt faglege ambisjonsnivå for forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Nettstaden skal eit heilskapleg preg i design og struktur, og med innhald og tenester som er tilpassa målgruppene.
Du vil også ha ansvar for at nettstaden blir forvalta i samsvar med mål og innhaldsstrategi, samt retningslinjer som gjeld for offentlege nettstader.
Webredaktøren skal forvalte www.uib.no med bidrag frå heile organisasjonen.
Stillinga er lagt til Seksjon for web og design på Kommunikasjonsavdelinga, som har redaksjonelt ansvar og er systemeigar for uib.no. Du vil jobbe i team med dyktige utviklarar, interaksjonsdesignarar og kommunikasjonsrådgjevarar.
Arbeidsoppgåver:
- Bidra til at uib.no er aktuell og oppdatert i samsvar med mål og strategiar
- Samarbeide med lokale webkontaktar og innhaldsprodusentar
- Bruke innsikt og statistikk til å forbetre nettsidene
- Forvalte og vidareutvikle innhaldsstrategien for uib.no
- Hjelpe med opplæring, kompetansebygging og webrådgjeving
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Kunnskap om brukaroppleving og universell utforming
- Kjennskap til verktøy som til dømes Google Analytics og Siteimprove
- Relevant erfaring
- Søkjarar må ha høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Det er eit stort pluss om du har:
- Erfaring frå større organisasjonar eller bedrifter
- Prosjektleiarerfaring
- Eit analytisk blikk på digitale plattformar
- Kunnskap om klart språk og korleis skrive godt på nett (nettstaden følger krava i mållova)
Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
- Ein spennande jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel
- Rom for kreativt arbeid
- Moglegheit for personleg ansvar og utvikling
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årslønn 630 000 - 720 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Trening i arbeidstida
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktinformasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Olaf Erlend Gundersen, kommunikasjonsdirektør, e-post: Olaf.Gundersen@uib.no / tlf: 908 90 793
- Hans-Petter Isaksen, seksjonssjef, e-post: hans-petter.isaksen@uib.no / tlf: 454 29 866
SØK HER